Vedtekne på Årsmøtet 14. desember 1964 med endringar gjort 19. april 1974, 25. mars 1976,
mars 1979, mars 1988, mars 1996, mars 2004, mars 2005, mars 2007, mars 2009, mars 2020, mars 2022
1. Laget sitt namn er RUBBESTADNESET BÅTLAG.
Arbeidsområdet til laget er Rubbestadneset og omeign.
2. Laget skal ivareta medlemmene sine interesser på best mogleg måte. Laget skal også arbeida aktivt for å fremja interesse rundt båtlivet i Rubbestadneset.
3. Personar over 18 år kan bli medlem i Rubbestadneset Båtlag. Det er ikkje nødvendig å vera båteigar for å vera medlem av laget. For å bli medlem må ein ha bustadadresse 5420 Rubbestadneset, d.v.s. bu i området frå Rolfsnes - og til og med områda rundt Innværfjorden. Medlemskapet er personleg. Barn går under ”føresette” sitt medlemskap fram til dei er 18 år.
§2 ORDINÆRT ÅRSMØTE
1. Årsmøtet er laget sitt høgaste organ. Det skal gjennomførast i mars månad kvart år. Innkallinga skal skje med minst 14 dagars varsel.
2. Einkvar person som har betalt kontingent og er registrert som medlem pr 31. desember året før, har rett til å delta på årsmøtet. Tvilstilfelle skal avgjerast av årsmøtet.
3. Årsmøtet er vedtaksført når minst 3 styremedlemmer og 7 andre rettmessige medlemmer er til stades. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, skal det kallast inn til nytt årsmøte med nye 8 dagars varsel. Dette årsmøtet vil vera vedtaksført uansett talet på frammøtte medlemmer.
4. Det ordinære årsmøtet skal handsama følgjande faste saker:
- Årsmelding
- Rekneskap
- Kontingent og hamneleige
- Budsjett
- Val
Årsmøtet handsamar elles berre saker som er ført opp på saklista. Saker som ikkje gjeld endringar i vedtektene, skal meldast til styret seinast 8 dagar før årsmøtet.
§3 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
1. Styret kan om nødvendig, med 2/3 fleirtal, kalla inn til ekstraordinært årsmøte.
2. Om 1/3 av medlemmene skriftleg krev det, skal styret kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Saker som er ønskt tekne opp, må vera levert skriftleg til styret seinast 8 dagar før ekstraordinært årsmøte.
3. I forhold til reglar for innkalling og kva tid ekstraordinært årsmøte er vedtaksført, gjeld dei same reglar som under §2.
4. Det ekstraordinære årsmøtet skal berre handsama dei saker som er årsak til innkallinga.
§4 LAGET SITT STYRE
1. Det daglege arbeidet i laget skal takast i vare av styret valt av årsmøtet.
2. Medlemmene i styret skal veljast for 2 år om gongen. Valet må likevel organiserast slik at halvparten av styret er på val kvart år
3. Styret skal vera sett saman på følgjande måte:
- Leiar
- Hamneleiar/nestleiar
- Skrivar
- Kasserar
- Styremedlem
- 2 vararepresentantar
Styret skal utnemna to personar som skal sitja i styret for Veglaget Bergevegen. Ein av personane skal sitja i styret til båtlaget.
4. Styret skal gjennomføra styremøte etter behov. Det skal likevel vera minst 3 styremøte i årsmøteperioden. Vararepresentantane skal kallast inn til styremøte, men har ikkje møteplikt dersom styret er fulltalig. Er styret fulltalig har vararepresentantane berre talerett. Vararepresentantane trer inn med stemmerett i styret om styret ikkje er fulltalig.
5. Styret er vedtaksført når minst 4 styremedlemane og/eller vararepresentantar er til stades.
6. Styret kan, om det finn det nødvendig ut frå sak, kalla inn eitkvart medlem til styremøte. Medlemmen vil kunna ha talerett i den saka som er årsak til innkallinga.
7. Det skal førast protokoll frå styremøta.
§5 LAGET SINE VEDTEKTER
1. Laget sine vedtekter kan berre endrast etter vedtak på ordinært eller ekstraordinært årsmøte.
2. Endring av vedtekter krev 2/3 fleirtal av dei som har stemmerett på eit vedtaksført årsmøte.
3. Vedtektsendring trer i kraft straks ho er vedteken av årsmøtet, eller frå det tidspunktet som årsmøtet fastset. Inga vedtektsendring kan få tilbakeverkande kraft.
4. Forslag til vedtektsendring må vera styret i hende 1 månad før årsmøtet. Styret går gjennom forslaget og gir si innstilling overfor årsmøtet.
5. Vedtektsendring som vert lagt fram til handsaming på årsmøtet, må vedtakast eller avvisast slik forslaget vart lagt fram.
§6 KONTINGENT OG HAVNELEIGE
1. Innmeldingsavgift, kontingent, hamneleige, straumavgift, innskot, sesongplasser, gjestebrygge og bruk av utsetjingsrampe skal fastsetjast av det årlege, ordinære årsmøtet etter framlegg frå styret og skal gjelda inntil nye endringar vert vedtekne. Såleis vil årsmøtet vedta ei prisliste som skal gjelda for årsmøteperioden. Innbetalingar til laget skal skje innan 01.06 kvart år.
2. Manglande varsel om innbetaling av kontingent/hamneleige fritar ikkje eit medlem for å betala inn dette i rett tid. Dersom utsending av ekstra varsel om betaling er nødvendig, medfører dette eit purregebyr som medlemen er ansvarlig for å betale. Storleiken på purregebyret skal fastsetjast av årsmøtet i samband med fastsetjing av kontingent etc.
3. Om eit medlem avbryt leige av fast båtplass, har medlemen rett på halvårleg avrekning av hamneleiga når leigeforholdet har vara i mindre enn 6 mnd. av kalenderåret. Har leigeforholdet vara lenger, skal det betalast leige for heile året. Avrekning for fast båtplass gjeld frå 1.1. til 31.12.
4. Straummålar. Medlem som har plass ved flytebryggene har rett til å nytta anlegget for 230V strøm. Medlem som nyttar straum i båten, pliktar å ha forbruksmålar montert og i bruk. Medlemene kostar sjølv innkjøp av slik målar. Ved fråkopling skal målar lesast av, og forbruket (kw/t) skal meldast til kasserar/styre. Maksimum tillat uttak pr. båt skal avgjerast av styret. Hamnekomiteen kan gjera stikkontrollar i løpet av sesongen.
5. Pris for mellombels leige av ledig båtplass (sesongplass) vert fastsett av årsmøtet.
6. Framleige av båtplass er ikkje tillate. Dette gjeld også framleige til familiemedlemmer.
§7 BÅTHAMNA «LANDKJENNING»
1. Rubbestadneset Båtlag har ikkje ansvar for skader, tjuveri eller hærverk på båtar som er fortøydd i båthamna. Laget er heller ikkje ansvarleg for følgjeskader som skuldast skader på flytebryggjer, utriggarar eller anna materiell som laget eig.
2. Hamnekomiteen / styret har det daglege tilsynet med båthamna Landkjenning i samsvar med gjeldande vedtekter og hamnereglement.Hamnekomiteen er sett saman av hamneleiar og 2 medlemar. Hamnekomiteen skal veljast av det ordinære årsmøtet.
3. For å leiga båtplass i båthamna, må ein samstundes vera medlem av Rubbestadneset Båtlag, jmf. §1-3. Det vert likevel gitt opning for at styret kan leiga ut ledige båtplassar som sesongplassar til personar som ikkje tilfredsstiller desse krava.
4. Storleiken på dei båtar som skal plasserast ved flytebryggjene i båthamna er i utgangspunktet avgrensa til ei skroglengde på 10 m. Ved dei nye betongbryggene kan det etter søknad plasserast båtar med ei skroglengde på inntil 12 m. Styret vurderer kvar enkelt søknad ut frå praktiske tilhøve i hamna.
5. Båtar som ligg fortøydd ved flytebryggjene og som er større enn 9m (30 fot), skal ha eiga akterfortøying dersom hamnekomiteen/styret krev dette. Fortøyinga må vera laga slik at den avlastar press på utriggarane og effektivt utjamnar flo og fjøre. Fortøyinga må ikkje vera til hinder for andre. Utlegging av slike akterfortøyingar skal skje for leigar si eiga rekning.
6. Kvart medlem har berre rett til éin – 1 – fast båtplass i Landkjenning. Denne gir også rett til, utan vederlag å ha éin -1 - lettbåt, avgrensa til 4 m (13 fot), i laget sitt hamneområde. Fortøying av lettbåt må skje i samråd med Hamnekomiteen, og slik at fortøyinga ikkje hindrar allmenn ferdsel i området. Fortøying av lettbåt langs flytebryggjene eller service- og utrustningskaien er ikkje tillate.
7. Hamnekomiteen kan, i samråd med styret, utarbeida nærare retningslinjer for leige, fortøying og bruk av båthamna. Etter handsaming og vedtak med 2/3 fleirtal i styret, blir slike retningslinjer å sjå på som ein del av denne paragrafen.
8. Alle båtar med plass i båthamna, fast eller sesongplass, skal vera ansvarsforsikra.
9. Sal – kjøp – bytte av båt skal meldast hamneleiar/styret snarast mogleg.
10. Alle som leiger plass i båthamna pliktar å gi opp båten sine data til styret. Opplysningane skal brukast til ajourføring av styret sitt register.
11. Medlem som sel båt med innskotsplass i båthamna, har førsterett til ny plass i 1 år etter salet. Medlemen må gi skriftleg melding til styret om salet for å kunna nytta førsteretten. Blir innskotet betalt tilbake til medlemen, har ikkje medlemen lenger førsterett til innskotsplass.
12. Båtar som blir brukt til næringsføremål har ikkje rett til båtplass i båthamna.
13. Hamnereglement for Båthamna Landkjenning:
· Bilparkering skal skje innafor merka felt. Parkering for ein bil pr. båtplass i perioden 15.juni – 15.august.
· Parkering av båttraller, tilhengarar etc. er forbode. Borttauing kan gjerast på eigars rekning.
· Båtopplag på land. Ingen båtar skal oppbevarast på båtlaget sitt område på land.
· Faste båtplassar. Alle båtar skal bruke faste fortøyingar med fortøyings fjører eller strekkfisk av gummi for å minska belastinga på bryggeanlegget.
· Hovudvasskran (på betongkai) skal alltid være stengd når vassanlegget ikkje er i bruk ute på flytebryggene.
· Det er strengt forbode å spyle skrog under vasslinja ved opptak av båt på opptaksrampen.
§ 8 PLIKTAR OG RETTAR FOR LAGET SINE MEDLEMAR
1. Laget sine medlemmer har rett til å delta på laget sine arrangement, møte og årsmøtet. Medlemmene har rett å nytta seg av utrustningskai, opptrekksrampe, vatn etc. vederlagsfritt.
2. Eit medlem som har hatt tillitsverv i laget, har rett til å seia frå seg nye tillitsverv i like lang tid som det siste tillitsvervet varte.
3. Utmelding av laget må skje skriftleg til styret. Utmeldinga gjeld frå utgangen av kalenderåret. Medlemen heftar for årskontingent i utmeldingsåret.
4. Alle medlemar har rett til å leiga båtplass i båthamna innafor ramma av gjeldande reglar, ledige plassar og venteliste. Ved føring av venteliste, skal det takast rimeleg omsyn til lengda av medlemskapen i Rubbestadneset Båtlag.
5. Medlem som har båt og leiger båtplass i båthamna, pliktar å registrera båten hos styresmaktene etter gjeldande lover og reglar.
6. Medlem som utøver skade eller hærverk eller på annan måte øydelegg laget sine eigedelar, pliktar å erstatta skaden.
7. Medlem med båt i båthamna «Landkjenning» pliktar å utføra inntil 10 timar dugnad pr. år. Om nødvendig kan styret kalla inn til ekstra dugnad. Pensjonistar og uføretrygda er fritekne for pliktig dugnad. For ikkje å møta på pliktig dugnad, må medlemmene betala ein timesats som blir fastsett av årsmøtet. Eventuelt skuldig beløp etter manglande dugnadsinnsats skal betalast saman med kontingenten.
8. Alle medlemar i laget pliktar å kjenna til, og retta seg etter lovene for laget. Medlem som ikkje oppfyller lovene i laget, eller som ved uakseptabel eller usømeleg åtferd er til skade for laget, kan ekskluderast som medlem. Styret avgjer dette med minst 2/3 fleirtal. Medlem som vert ekskludert, skal meldast dette skriftleg. Medlemen kan klaga avgjerda inn for årsmøtet. Slik grunngjeven klage må vera levert styret innan 1 månad etter at medlemmen er gjort kjend med eksklusjonen. Klagen må vera skriftleg. Styret legg saka fram for første Årsmøte til endeleg avgjerd.
§ 9 OPPLØYSING AV LAGET
1. Forslag om oppløysing av laget skal handsamast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte.
2. Forslag om oppløysing av laget må leverast styret seinast 1 månad før årsmøtet. For at forslaget skal kunna fremjast, må minst 1/10 av laget sine medlemmer ha underteikna forslaget.
3. Styret fører forslaget opp på saklista. Styret må også sjå til at alle medlemmer får skriftleg melding om at forslaget om oppløysing av laget er på sakskartet til årsmøtet.
4. Vedtak om oppløysing av laget må vedtakast av minst 2/3 fleirtal. Det er også eit krav at minst halvparten av laget sine medlemmer har røysta på forslaget. Medlem som har gyldig forfall, skal ha høve til å stemma ved rekommandert brev. Slik stemme må vera styret i hende før årsmøtet vert arrangert.
5. Dersom eit forslag om oppløysing av laget får kvalifisert fleirtal, bestemmer årsmøtet korleis laget sine eigedommar og midlar skal forvaltast.